Søknadsfrist
30. januar 2025
Arbeidsgivar
Kommune
Omfang
Heiltid (1 stillingar) Heiltid (%)
Varigheit
Åremål
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med ønska oppstart 01.08.2025
Vi søker ein ph.d.-kandidat som kan utføre kunstnarisk utviklingsarbeid innanfor ramma av ei av instituttet sine forskingsgrupper i det tverrfaglege miljøet ved Kunstakademiet. Prosjektet må vere knytt til ei av følgjande forskingsgrupper:
Meir om forskingsgruppene her: Forskingsgrupper ved Kunstakademiet - kmd (uib.no)
Kunstnarar som arbeider innanfor og/eller på tvers av disiplinane tekstil, grafikk og måleri vert spesielt oppmoda til å søkje.
Søkaren må kritisk vurdere samanhengen mellom prosjektet, vald forskingsgruppe og hovudmediet for det kunstnariske utviklingsarbeidet.
Instituttet vil halde eit nettbasert orienteringsmøte for stillingane tysdag 14. januar 2025 kl. 15:00 (CET). Delta på: https://uib.zoom.us/j/61990592771?pwd=DbtUHd6GbGZNsjPUjpSTuOxonXNUsd.1
Søknader vil verte vurdert i lys av kriteria i programbeskrivinga for ph.d.-programmet, kandidaten si kunstnarlege verksemd og forskingskompetansen ved instituttet. Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i ph.d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved fakultetet, og inkorporere dette i utforminga av prosjektet. Meir info om ph.d. programmet ved KMD her.
Prosjektskildringa:
Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar og forskingsspørsmål, kontekst, metode, og plan for formidling av resultat. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet. Sjå Programbeskrivinga pkt. 2.1 og rettleiing til prosjektskildring for meir informasjon om kva søknaden normalt skal innehalde.
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Ei stipendiatstilling skal leie fram til oppnådd doktorgrad og bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar ved høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, samt andre sektorar i arbeidslivet der forskingskompetanse er eit krav.
Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse.
Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i fakultetets ph.d.-program i kunstnarleg utviklingsarbeid innanfor ei tidsramme på tre år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.
Kandidaten skal gjennomføre obligatorisk fellesfagleg opplæringsdel i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid.
Det er residensplikt for kandidatar tilsett ved fakultetet.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge.
NB! Søknadar som ved søknadsfrist manglar dokumentasjon vert ikkje vurderte, og det er ikkje høve til å ettersende.
Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Katrine Hjelde
Instituttleiar
+4745519545
Katrine.Hjelde@uib.no
Lastar...