Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

 

Stipendiat i informatikk – 2 stillingar


 

Ved institutt for informatikk er det ledig 2 stillingar som stipendiat i informatikk. Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk eller matematikk. Masterstudentar i sitt siste semester kan søkje dersom dei skal fullføre sin avsluttande mastereksamen innan 1. august 2016. Mastergraden må vere oppnådd før ein kan tiltre stillinga.

  • Du må kunne fullføre eit stipendiatprogram innan eit forskingsfelt som fell innanfor ei av dei seks forskargruppene til instituttet. Dei er: algoritmar, bioinformatikk, optimering, programteori, datatryggleik og visualisering. Sjå nettsidene til instituttet for meir informasjon: http://www.ii.uib.no

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

  • Du må kunne tiltre i stillinga 1. august 2016.

     

    Om stipendiatstillinga

    Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

     

    Om forskarutdanninga

    Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 4 år (tilsvarande ei 3 års heiltidsstilling). Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

     

    Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga.

     

    Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 50 ved tilsetjing (kode 1017). Dette utgjer ei årsløn på kr. 430 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV ( i tillegg til CV i Jobbnorge)
  • vitnemål og attestar som er komplett ved søknadsfristen
  • dersom du ennå ikkje har fullført din mastergrad, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgivande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 1. august 2016.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

 

Søknadsfrist: 1. april 2016

 

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Instituttleiar, professor Petter E. Bjørstad, e-post: petter@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Forhåndsvisning
Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    122667
  • Intern-ID
    2015/4515
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Se mer

Finn andre stillinger